Løp for Vest-Afrika!

Måndag 26. april arrangerer russen og elevrådet ved Tryggheim vgs. misjonsløp. Elevar og lærarar skal løpe for å samle inn pengar til årets misjonsprosjekt, som er Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) sitt arbeid i Vest-Afrika. Kvar runde er 800 meter, og løpet skal gå føre seg i to timar.